(Takk K)
Ej fekk oppskrifta å tenkte å prøve å lage sjølv. Deiga e veldig enkel å lage og resultatet vart jammen bra.
Sida ej i dag e i det spandable hjørnet so tenkte ej å dele oppskrifta med dokke. Den e veldig enkel og e fort gjort å lage, prøv!
Knekkebrød:
3 1/2 dl samalt rug
3 1/2 dl havregryn
1 1/2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 dl hakka valnøtter
1 ts salt
Bland alt dette godt!
Tilsett deretter 1ts honning utblanda i 7 dl vatn.(husk at vatnet må være lunka for at
honningen skal løyse sej opp)
Bland godt!
Fordel røra utover 2 steikebrett. Bruk gjerne slikkepott, enklare å få det jamnt då.
Ej lika dei litt tynnare så ej he fordelt røra på 3 steikebrett.
Forvarm ovnen til 180 grader og sett inn steikebrettet.
Lat stå i 10 min. før du tek ut brettet og skjærer deiga opp i passelege bitar med pizzaskjærar.
Sett det i ovnen igjen og lat det stå i 30 min.
Dersom du vil ha knekkebrøda ekstra sprø tek du dei ut etter 30 min og legge dei på ei rist og set dei i ovnen igjen i 15 min med eit lite "gløtt" på ovnsdøra.
Avkjøl knekkebrøda på rist til slutt.
Då gjenstår det berre å sei bon appetit!
Kjekt at du likte dei. Herlige knekkebrød som e superenkel å lage:)
SvarSlett-K- :)
ej laga dissa i sommar Stine:) veldig gode!
SvarSlettMarthe